Repetisjonsspørsmål på nynorsk

Oppgave

  1. Når og kvar vart menneskearta, Homo sapiens sapiens, til?
  2. Når tok Homo sapiens sapiens til å spreie seg over heile jordkloten?
  3. Kvifor konkurrerte Homo sapiens sapiens ut andre menneskearter?
  4. Kvifor meiner vi at jegerar og samlarar levde i relativt jamstilte samfunn?
  5. Kvifor tok menneska til med svibruk?
  6. Kva var nytt med jordbrukssamfunna?
  7. Kva negative verknader følgde med jordbrukssamfunna?
  8. Kvifor kan vi kalle overgangen til jordbruk ein revolusjon?
  9. Kvifor kom dei første sivilisasjonane eller høgkulturane langs elvar?
  10. Kva særmerkjer ein sivilisasjon?
  11. Kvifor følgde meir krig med sivilisasjonane, og kva verknad kan dette ha fått for samfunna?
  12. Kvar skapte sumerarane den første sivilisasjonen i verda, og kva oppfinningar gjorde dei?
  13. Når kom dei første menneska til Noreg, og når tok dei til med jordbruk?
  14. Kva gjorde Nilen så viktig for menneska som budde langs elva?
  15. Kva slags levekår hadde folk i den egyptiske sivilisasjonen?
  16. Kva fordelar følgde med å bli skrivar?
  17. Kva særmerkte den egyptiske religionen, og kva gudar var viktigast?
  18. Kva for kunnskapar følgde med balsameringa?
  19. Kva vil det seie at Egypt var eit absolutistisk teokrati?
  20. Når om lag var det gamle riket i Egypt?
  21. Kva var føremålet med pyramidane, og korleis vart dei bygde?
  22. Korleis kan vi forklare at det gamle riket braut saman?
  23. Når om lag var det nye riket i Egypt, og kva nyvinningar kom med det?
  24. Kva stod Hatsepsut, Aknaton, Nefertiti og Ramses 2. for, og korleis enda styret deira?
  25. Kvifor gjekk det gamle Egypt gradvis i oppløysing etter år 1000 f.Kr.?