Repetisjonsspørsmål på nynorsk

Oppgave

  1.  Kva veit vi om palasskulturane på Kreta og i Hellas, og når vart dei borte?
  2. Kva særmerkte ein polisstat?
  3. Korleis vart polisstatane styrte?
  4. Kvifor utvandra folk frå det greske fastlandet, og kvar slo dei seg ned?
  5. Kven var fønikarane, og kva forhold hadde grekarane til dei?
  6. Kva knytte ulike greske folk saman?
  7. Kva var dei viktigaste kjenneteikna på gresk religion?
  8. Kva var føremålet med dei olympiske leikane?
  9. Kva særmerkte Sparta som stat, og korleis vart staten styrt?
  10. Kva særmerkte Aten som stat, og korleis vart staten styrt?
  11. Kva var persarkrigane, og kva utfall fekk dei?
  12. Kva var Peloponneskrigen, og kva vart resultatet?
  13. Kva vart resultatet av felttoget til Aleksander den store?
  14. Korleis vart Roma til?
  15. Korleis vart den romerske republikken styrt?
  16. Kvifor og korleis utvida Roma makta si?
  17. Kva var Spartacus-opprøret, og kva rolle spela slavane?
  18. Korleis kom Cæsar til makta, og kvifor vart han drepen?
  19. Korleis vart Oktavian til Augustus?
  20. Kvifor fekk kristendommen overtaket på andre religionar?
  21. Korleis heldt keisarane kontrollen over folket i Roma?
  22. Kva slags makt hadde pater familias?
  23. Korleis prøvde keisar Diokletian å hindre at riket braut saman?
  24. Kva endringar gjorde keisar Konstantin i styret av riket?
  25. Kvifor gjekk Vestromarriket under, men ikkje Austromarriket?