Repetisjonsspørsmål på nynorsk

Oppgave

  1. Kva tyder omgrepet mellomalder, og kva fasar kan perioden delast inn i?
  2. Korleis bygde den katolske kyrkja ut makta si i tidleg mellomalder?
  3. På kva måtar sette kristendommen preg på livet til mellomaldermenneska?
  4. Kvifor klarte arabarane å erobre eit stort rike?
  5. Kvifor vart muslimane splitta i sjiaer og sunniar?
  6. Kva særmerkte islamsk kulturblomstring fram til om lag 1100?
  7. Kva særmerkte kåra for kvinnene i det muslimske samfunnet i mellomalderen?
  8. Korleis samarbeidde dei frankiske kongane med pavekyrkja?
  9. Kva førte fram til brottet mellom den romersk-katolske kyrkja og den gresk-ortodokse kyrkja i 1054?
  10. Kva legg vi i omgrepa serf, vasall, len og føydalsamfunn?
  11. Korleis var situasjonen for adelskvinnene i føydalsamfunnet?
  12. Kva gjekk investiturstriden ut på, og korleis vart striden avslutta?
  13. Korleis skapte situasjonen i Midtausten på slutten av 1000-talet eit grunnlag for krosstoga, og kva løyste dei ut?
  14. Kva var inkvisisjonen?
  15. Kva var hovudårsakene til folkeauken og framgangen i landbruket i mellomalderen?
  16. Kvifor vart det grunnlagt tusenvis av nye byar i høgmellomalderen, og korleis vart byane styrte?
  17. Korleis vart kongemakta styrkt i høgmellomalderen?
  18. Kva for økonomiske og sosiale verknader hadde svartedauden?
  19. Kva var ei stenderforsamling?
  20. Kva innverknad fekk det engelske parlamentet i mellomalderen?
  21. Korleis styrkte ny krigsteknikk kongemakta og svekte makta til adelen i seinmellomalderen?
  22. Kvifor vart keisarmakta svekt i det tysk-romerske riket frå slutten av 1200-talet?
  23. Kvifor vart bøndene i Aust-Europa meir ufrie enn bøndene i Vest-Europa?