To fortellinger om Olav den hellige

Olav den hellige ble drept i slaget på Stiklestad 29. juli 1030. Det første kildeutdraget er fra Snorre Sturlasons "Soga om Olav den heilige" i Noregs kongesoger, Det Norske Samlaget 1979. Det andre utdraget er fra Gammelnorsk homiliebok. Studer tekstene og svar på spørsmålene.

Oppgave

  1. Hva slags kilder er dette?
  2. Hvilken funksjon har fortellingene?
  3. Drøft hva slike fortellinger kan ha hatt å si for kristningen av landet.

Kilde

Kilde 1: Utdrag fra Soga om Olav den heilage

Etter at slaget på Stiklestad var over, fortel  Snorre:

Torgils Hålmuson og Grim, son hans, gjekk til valen om kvelden da det hadde vorte mørkt. Dei tok opp liket til kong Olav og bar det bort til eit lite tomt skjol på den andre sida av garden. Dei hadde lys og vatn med seg og tok kleda av liket og vaska det og sveipte det i lindukar og la det ned i skjolet og la ved over så ingen kunne sjå det om det skulle komme folk inn i hytta, og så gjekk dei heim til garden.

Det hadde følgt med begge hærane mange tiggarar og fattigfolk som bad om mat, og kvelden etter slaget hadde mykje slikt folk halde til der, og da natta kom, leita dei etter hus i alle bygningane, både store og små.

Det var ein blind mann der, som det er fortalt om; han var fattig, og guten hans var med han og leidde han. Dei gjekk ute på garden og leita etter hus, og kom til same skjolet, og døra var så låg at dei mest laut krype inn. Da den blinde mannen kom inn i huset, trivla han seg fram på golvet og leita etter ein stad han kunne leggje seg. Han hadde hatt på hovudet, og hatten seig ned over andletet hans da han lutte seg ned. Han kjende med hendene at det var ein dam på golvet; da tok han opp med den våte handa og retta opp hatten, og fingrane kom opp i auga. Men straks fekk han slik klåe i augnekvarmane at han strauk med dei våte fingrane på sjølve auga. Da hopa han ut or huset og sa at det kunne ingen liggje der inne, for det var vått alle stader. Da han kom ut or huset, kunne han straks sjå hendene sine og alt det som var så nær at han kunne sjå det for nattemørkret. Han gjekk straks heim til garden og inn i stova og sa til alle folk der at han hadde fått att synet sitt, og no var han gløggsynt. Men det var mange menn der som visste at han lenge hadde vore blind; for han hadde vore der før og gått omkring i bygdene. Han sa at han såg første gongen da han kom ut or eit lite skrøpeleg hus, og det var vått alle stader der inne, sa han. "Eg tok nedi med hendene," sa han, "og gnei meg i auga med dei våte hendene." Han sa kvar huset stod óg. Men dei mennene som var der og såg det som hadde hendt, undra seg mykje på dette og rødde seg imellom om kva som kunne vere inne i dette huset. Men Torgils bonde og Grim, son hans, meinte dei visste korleis det hekk i hop med denne hendinga, og var redde at uvenene til kongen skulle komme og ransake huset. Sidan smette dei seg ut og gjekk til huset og tok liket og hadde det ut i hamnehagen og gøymde det der, og så gjekk dei til garden og sov om natta.

Kilde 2: Gammelnorsk homiliebok. Jærtegn av Olav den hellige

Gammelnorsk homiliebok er en samling prekener på norrønt. Det latinske ordet homilie betyr å preke. Tekstene om Olav den hellige har stor plass i homilieboken. De skildrer Olavs liv og lidelse og forteller om 20 jærtegn (overnaturlig fenomen som oppfattes som et varsel). Teksten nedenfor er hentet fra Den norrøne litteraturen, bind VI, Det Norske Samlaget 1963.

I den kaupangen der Olav den heilage kviler, var det ei kone som hadde vore plaga av nedfallssjuke i mange dagar. Ho gifte seg med ein ung mann, men løynde så godt ho kunne denne sjukdommen. Så var det ei natt medan ho låg i senga at denne harde lidinga tok til i henne, og husbonden hennar vakna på grunn av den tunge pusten frå henne der ho låg og snurkla, kasta seg bakover og visste ikkje til seg. Han var lei seg for vanlagnaden sin og sørgde mykje over ei så ubøtande ulykke som han ikkje på noka vis kunne komme seg frå. Han spurde henne likevel kor ofte denne plaga kom på henne, og om det kunne vera noka lækjeråd som kunne hjelpe henne.

Ho sa at denne leie sjuken plaga henne kvar månad og at korkje lækjeråd eller galdrar kunne hjelpe henne. I denne sorga og ulykka som hadde komme over begge ektefolka, kalla ho på den heilage møya Maria, som i sanning visseleg er mor til all miskunn, og på den heilage kong Olav, og bad dei gråtande om å gje seg ei eller anna hjelp i denne sjukdommen og sorga. Deretter la ho fram saka si i skriftemål for ein god prest, fortalde han om ulykka si og spurde han om gagnlege råder. Han tenkte straks på kva Guds ord seier i evangeliet, og fortalde ho at ingen får betring for denne sotta utan ved bøner og faste.

Etter denne påminninga drog begge ektefolka straks til den heilage Olavskyrkja, og hadde med seg vokslys for å høgtide den heilage helga. Så fasta dei og vakte der om natta, saman med mange andre vanføre og helselause menneske.

Morgenen etter byrja høgtidsdagen for den heilage kongen. Etter at bønene som vert lesne ved ottesongen, var slutt, slik som det sømde seg for denne høgtida da dette heilagmennesket let livet sitt, da fór ho heim med så herleg miskunn, at frå den dagen til hennar dødsdag kom aldri denne leie plaga og ulykka over henne meir. Men så store smerter hadde ho hatt før, at ikkje ein einaste månad hadde ho vore denne sjuken forutan heilt sidan slutten av barneåra.

Av denne lykka som Gud hadde gjeve dei, vart dei så takksame at på kvar årsdag for messeaftan til den heilage mannen da ho fekk att helsa, vakte kone og mann, og fasta og tente Gud med almissegåver og gode bøner.

Nettressurser

Olav den hellige (995–1030)

http://www.katolsk.no/biografi/olav/

© Norges Unge Katolikker