Konkurranseidrett i middelalderen

Et hardt treningsprogram er ikke noe nytt. Kongsspegelen anbefaler trening med tunge våpen seks dager i uken. Men idrett i norrøn tid omfattet også åndelige aktiviteter. Kronikk av Magnus Rindal i Aftenposten 2.5. 1993. Kronikkforfatteren er professor i nordisk middelalderkultur ved Universitet i Oslo.

Oppgave

Hvilken funksjon hadde idretten i middelalderen?

Kilde

Konkurranseidrett på liv og død

I ei av de skaldestrofene som er tillagde kong Harald Hardråde, fortel han at han meistrar desse idrettane: dikting, riding, symjing, skigåing, skyting, roing, harpespel. Også Ragnvald Kale, jarl på Orknøyane og seinare helgen, dikta ei idrettsstrofe. Her reknar han opp dei idrettane han kan: sjakkspel, runeristing, smedkunst, boklærdom, skigåing, skyting, roing, harpespel. Vi ser at begge skaldane reknar også åndelege aktivitetar som idrettar.

For å bli ein god idrettsmann begynte barn truleg å drive idrett i 5-6-årsalderen. Allereie i 10-årsalderen skulle dei kunne delta i idrettskonkurransar for vaksne. Når dei blei 12 år, skulle dei vere fullt utvikla idrettsmenn. Vi veit lite om i kva grad kvinner deltok i idrettslivet.

I Kongsspegelen, som m.a. gjev gode råd om korleis velseda menn skal oppføre seg, er det sagt at ein god idrett er å øve seg med tunge våpen mot ein motstandar. Ein bør øve seg minst ein gong kvar dag, utanom søndag. Dersom ein blir trøytt av øvinga og får lyst til å drikke, skal ein drikka lite og ofte, og slett ikkje bli rusa.

Bogeskyting og spydkasting var dei vanlegaste våpenidrettane. Den mest kjende bogeskyttaren i norsk historie er vel Einar Tambarskjelve, men så tyder også tilnamnet hans "den som får bogestrengen til å skjelve". Om han fortel Snorre at han var den sterkaste mannen og den beste bogeskyttaren som har vore i Noreg. Han skaut så hardt at ei pil utan spiss gjekk gjennom ei rå oksehud som hekk på ei stong. Han var også ein framifrå skiløpar og god i alle idrettar. Han var med i slaget ved Svolder, og då blei han ikkje rekna for full kar sidan han berre var 18 år gammal. Likevel var han så sterk at bogen åt kongen, den store idrettsmannen Olav Tryggvason, blei for veik for han.
Når dei øvde i spydkasting, nytta dei ofte eit skaft utan spiss. Slike spyd var veleigna til trening i å gripe spydet i lufta og kaste det tilbake. I Njåls saga nyttar Gunnar på Lidarende denne kunsten når han i ein kamp returnerer eit spyd så hardt at det går gjennom både brynja og kroppen på motstandaren og ned i jorda. Ein god spydkastar kasta like godt med begge hender, og kunne kaste eit spyd med kvar hand samstundes.

Av bryting fanst det to typar: vanleg ryggtak og såkalla glíma. Ved ryggtak tok motstandarane kvarandre om livet med hendene samanfesta på motpartens rygg. Målet var å kaste motparten i bakken utan knep. Bryteforma glíma blei dyrka på Island. Her tok ein tak med høgre handa i bukselinninga på motstandaren, medan venstre handa kunne brukast fritt. Det gjaldt så å få motstandaren ut av likevekt og få kasta han til jorda. Dette kunne skje ved ymse raske rørsler, såkalla knep, oftast ved hjelp av beina, men også ved hendene. Det er fortalt om Egil Skallagrimsson at han allereie i sitt sjuande år deltok flittig i denne forma for bryting.

Nokre balanseøvingar er nemnde i kjeldene. Mest populært var det å gå på årane på eit skip under roing. Den danske historieskrivaren Saxo Grammaticus fortel om kong Harald Gille at han brukte å springe på årane frå akterstamnen til framstamnen og tilbake til akterstamnen på hi sida. Ellers er det kong Olav Tryggvason som blir rekna som den mest dugande i denne idretten.

Kunsten å gå på hendene er nemnd ein gong i kjeldene. Kongesoga Morkinskinna fortel at Magnus, son til Olav den heilage, var dugleg i mange slags leikar og idrettar. Då han som gut var landflyktig i Russland, brukte han å more seg med å gå på hendene på borda i kong Jarislavs hall med stor dugleik. Ein eldre hirdmann mislikte dette, og reiv han ned frå bordet ein dag. Same kvelden, medan folk sat og drakk, kom Magnus med ei lita øks og gav hirdmannen banehogg, og hemna seg slik.


Fjellklatring er nemnd i opprekninga av Olav Tryggvasons idrettsbragder. Olav klatra ein gong til topps på fjellet Hornelen og festa skjoldet sitt der. To av hirdmennene hans ville prøve same karsstykket, men enden på den visa var at den eine gav opp på halvvegen, og den andre måtte Olav klatre opp og berge ned.

Løping har vore ein vanleg idrett i mellomalderen. Snorre fortel at Harald Gille og nevøen Magnus Blinde gjorde eit veddemål ein kveld begge var drukne. Harald var oppvaksen i Irland, og fortalde at der fanst det menn som kunne springe like fort som hestar. Magnus ville ha Harald til å vedde hovudet sitt på at han kunne springe like fort som Magnus reid på hesten sin, og Magnus våga gullringen sin imot. Harald ville fyrst ikkje, men kappløp blei det likevel. Magnus reid på ein hest frå Götaland, som var svært hurtig. Fyrste gongen sprang Harald attmed hestebogen, og Magnus skulda han for å halde seg i salreima. Neste gongen sprang Harald framfor hesten heile vegen, og då meinte Magnus at han hadde forsprang. Tredje gongen sette Magnus seg i fart, medan Harald venta til Magnus bad han om å springe. Likevel kom Harald fyrst i mål. Då far til Magnus, Sigurd Jorsalfar, fekk høyre om dette, gav han Magnus ei skarp irettesetjing. Han spurde om han ikkje visste det at menn i utlandet øvde seg i andre idrettar enn å fylle seg med drikk og gjere seg øre og uføre så ein korkje hadde vit eller sans.

Ymse former for hopp var vanleg, og vi finn dei særleg i stridsskildringar, der det var viktig å kome seg unna motstandarens våpen. Det er tale om lengdehopp, både framover og bakover, lengdehopp med stav, høgdehopp og hopp ned frå høge stader. I Njåls saga er det fortalt om Gunnar på Lidarende at han i full krigsrustning kunne hoppe høgare enn si eiga høgd, og like langt bakover som framover. Det er vel tvilsamt om desse opplysningane er rette. Same soga fortel at Skarphedin hoppa 12 alner (ca. 5,70 meter) over ei elv i fulle vinterklede, med øks og skjold i hendene.

I symjing kunne ein konkurrere om å symje lengst eller fortast. Dei lengste symjeturane som er omtala i sogene, har truleg vore ca. tre mil. Men meir vanleg var det å kappast om å symje lengst under vatnet, å dykke og å halde kvarandre under vatn. Odd Munk fortel at Olav Tryggvason kunne symje under vatn med brynje på, og ta henne av seg der. Han seier også at Olav kom seg bort frå slaget ved Svolder ved å hoppe i sjøen, ta av seg brynja under vatnet, og symje bort til eit av skipa frå følgjet sitt.

Vinteridrettane skigåing og skøytegåing er gamle i Norden. Etter helleristninger og arkeologiske utgravingar ser vi at ein har drive med skigåing i forhistorisk tid. I norrøn mytologi blir Skade, ei jotundotter som var gift med Njord, kalla skigudinna. Om guden Ull heiter det at han var så god bogeskyttar og skiløpar at ingen kunne måle seg med han. I Noreg var det særleg opplendingar og helgelendingar som var dugande i denne idretten. Snorre fortel om Einar Tambarskjelve at han var den best skiføre av alle menn. Om opplendingen Arnljot Gjelline seier han at han gjekk så fort på ski at endå om to menn stod bak på skiene hans, gjekk han like lett som om han hadde vore åleine. Den dristigaste skiløparen i norrøn tradisjon er vel elles helgelendingen Heming Aslaksson, som etter tradisjonen skal ha rent på ski rett utfor bratte fjellet. Til skøytegåing nytta dei såkalla islegger, som var laga av mellomfotbein på hest eller storfe. Truleg har dei også hatt ein piggstav til å skyve seg fram med.

I dei islandske kjeldene høyrer vi ofte om såkalla knattleik. Denne leiken blei mest driven på isen seint om hausten og vinteren. Knattleiken spela ein med ein liten, hard ball, knatt, og balltre. Ein kunne slå ballen med balltreet, eller kaste eller sparke den. Det var to lag som spela mot kvarandre, men alltid mann mot mann. Den som fekk ballen over motpartens mål, hadde vunne. Dette var eit hardt spel, der deltakarane kunne få store skadar i samanstøytane. Det var ofte eit stort publikum på desse tevlingane.

Soga fortel at då Egil Skallagrimsson var 12 år gammal, spela han knattleik saman med kameraten Tord mot faren, Skallagrim. Dei to unge fekk overtaket, men mot kvelden voks kreftene hos Skallagrim, og han kasta Tord så hardt at han døydde. Då far og son sidan om kvelden kom heim til garden, var Egil ovleg sint. Han gjekk rett inn i eldhuset og drap ein av Skallagrims beste vener. På denne måten var likevekta gjenoppretta, men far og son sa ikkje meir til kvarandre den vinteren.

Vi veit ikkje så mykje om idrettsarrangement i mellomalderen, men vikingane fór vidt, og hadde sjølvsagt opplevd idrettsstemne utanfor Norden. Sigurd Jorsalfar kom på sitt korstog til Istanbul. Der spurde keisaren om Sigurd ville ta imot seks skippund (ca. 1100 kg) gull, eller om han ville at keisaren skulle arrangere det idrettsstemnet dei brukte å halde på hippodromen (dvs. veddeløpsbana). Kong Sigurd valde stemnet, men dei sa at det kosta ikkje mindre pengar enn gullet. Dersom ein skal tru på Snorre, har dette vore eit heller dyrt arrangement.