Repetisjonsspørsmål på nynorsk

Oppgave

  1. Kva rolle spela jernet for utviklinga av vikingsamfunnet?
  2. Kven møtte på bygdetinget, og kva oppgåver hadde det?
  3. Kvifor var høvdingane så mektige i vikingtida?
  4. Kva slags ideal, våpen og eigenskapar hadde vikingkrigarane?
  5. Kva var ein træl, og kva rolle spela trælane i vikingtida?
  6. Korleis kan forhold ute i Europa ha påverka åtakslysta til vikingane?
  7. Kvifor vart Norden eit viktig ledd i den europeiske fjernhandelen i vikingtida?
  8. Kva var det typiske ved vikingferdene på 800- og 900-talet?
  9. Kva er meint med vikingferder i «vesterveg» og «austerveg»?
  10. Korleis skaffa Harald Hårfagre seg kongemakt i Noreg?
  11. På kva måtar fekk Håkon den gode i stand eit godt samarbeid med bøndene?
  12. Korleis var forholdet mellom samar og nordmenn i vikingtida?
  13. Korleis utnytta kyrkja at Olav Haraldsson fall på Stiklestad?
  14. Vis korleis kristendommen avløyste den norrøne religionen på 1000-talet.
  15. Korleis klarte Harald Sigurdsson å sikre seg kongemakt i Noreg?
  16. Kva vil det seie at kongane styrte i eit samkongedømme?
  17. Kvifor braut det ut borgarkrigar i Noreg på 1100-talet?
  18. Kva vart fastsett i tronfølgjelova av 1163?
  19. Kven var birkebeinarane?
  20. Kva var baglarpartiet?
  21. Kvifor blir perioden 1217–1349 kalla «stordomstida» i norsk historie?
  22. Kva var «finnskatten»?
  23. Kva var kanselliet og kongsrådet?
  24. Kva var skilnaden på ein sjølveigarbonde og ein leiglending?
  25. Kva byar var viktigast i Noreg i mellomalderen?
  26. Kva var svartedauden?
  27. Kven var hanseatane?
  28. Kva var Kalmarunionen?