Repetisjonsspørsmål på nynorsk

Oppgave

  1. Kva fekk skips- og våpenteknologi og krutet å seie for europeisk ekspansjon?
  2. Kva er meint med krosstogstanken?
  3. Kvifor tok portugisarane leiinga i den oversjøiske ekspansjonen?
  4. Kven fann sjøvegen til India, og kvifor var det så viktig?
  5. Kvar hamna Columbus i 1492? Kvar trudde han at han var komen?
  6. Kva var verknadene av jordomseglinga til Magellan?
  7. Kva gjekk merkantilismen ut på?
  8. Kva var trekanthandelen?
  9. Kva vareslag var portugisarane ute etter i Afrika?
  10. Kvifor kunne det vere vanskeleg å få til sentraliserte samfunn i visse område av Afrika?
  11. Kvifor var ættene viktige i Afrika?
  12. Kva rolle spela dromedaren i Afrika?
  13. Korleis begynte den europeiske slavehandelen i Afrika?
  14. Kor omfattande var slavehandelen?
  15. Kva førte boarane til det sørlege Afrika, og kva slags samfunn skapte dei?
  16. Kva gjekk konfutsianismen ut på?
  17. Kva oppfinningar var kinesarane tidleg ute med?
  18. Kvifor stoppa dei kinesiske sjøekspedisjonane på 1400-talet brått opp?
  19. Kva var kastesystemet i India?
  20. Korleis fekk Storbritannia innverknad i India?
  21. Kva varer dreiv britane handel med i India?
  22. Kva var typisk for sivilisasjonane som mayaene, aztekarane og inkaene skapte i Amerika?
  23. Kvifor var det så lett for spaniarane å ta indianarrika i Mexico og Peru?
  24. Korleis vart Brasil erobra av europearane?
  25. Kva negative konsekvensar fekk dei europeiske erobringane for indianarane i Mexico og Peru?
  26. Kvar i Nord-Amerika slo franskmenn, engelskmenn, nederlendingar, skottar og irar seg ned?
  27. Korleis vart dei engelske koloniane styrte?
  28. Kvifor vart det konfliktar mellom indianarane og kolonistane?
  29. Kva verknad fekk europearane for Afrika, Amerika og Asia?
  30. Korleis verka kontakten med andre verdsdelar på Europa?