Repetisjonsspørsmål på nynorsk

Oppgave

  1. Korleis vart kongane valde i mellomalderen?
  2. Kva er meint med dynastisk politikk og territorialstatar?
  3. Kva var eit stendersamfunn?
  4. Kva var bakgrunnen for makta til dei italienske bystatane?
  5. Kva er kapitalisme?
  6. Korleis vart Venezia styrt?
  7. Kva tyder humanisme?
  8. Korleis ville Machiavelli at fyrstane skulle styre?
  9. Kva tyder renessanse?
  10. Kva er Leonardo da Vinci og Michelangelo kjende for?
  11. Kva for eit verdsbilete rådde før det heliosentriske?
  12. Kven var John Wyclif og Jan Hus?
  13. Korleis ville Luther reformere kyrkja?
  14. Kvifor vart det bondeopprør i Tyskland?
  15. Korleis ville Calvin organisere staten?
  16. Kvifor fekk fyrstane meir makt der reformasjonen vart innført?
  17. Når vart reformasjonen innført i Danmark-Noreg og Sverige, og kva fekk reformasjonen å seie for kongemakta?
  18. Kva var motreformasjonen?
  19. Kven var Ignatius Loyola?
  20. Korleis vart Nederland styrt?
  21. Kvifor gjorde nederlendingane opprør mot Spania?
  22. Kva var bakgrunnen for trettiårskrigen?
23.   Kva gjekk freden i Westfalen i 1648 ut på?
24.   Korleis var det engelske parlamentet organisert?
25.   Kvifor vart det borgarkrig i England i 1642?
26.   Kva er meint med eit parlamentarisk styre?
27.   Kva særmerke hadde eineveldet som styringsform?
28.   Kvifor greidde osmanane å ekspandere inn i Europa?
29.   Kva endringar skjedde i Russland under tsar Peter den store?
30.   Korleis vart Austerrike og Preussen styrte?
31.   Kva for stender var det i Frankrike?
32.   Kva særmerkte styret til Ludvig 14.?
33.   Korleis endra maktforholda seg i Norden på 1600-talet?
34.   Korleis vart eineveldet innført i Danmark-Noreg?
35.   Kva var kollegiesystemet?