Repetisjonsspørsmål på nynorsk

Oppgave

  1. Kor mange menneske levde i Noreg kring år 1500?
  2. Kor stort var folketalet midt på 1600-talet og kring år 1800?
  3. Kva skjedde med det norske riksrådet da Noreg og Danmark kom i fast union i 1536–37?
  4. Kva følgjer fekk unionen med Danmark for norsk språk og kultur?
  5. Kvifor var norske bondefamiliar friare enn bondefamiliar i Danmark?
  6. Mange norske bønder var leiglendingar. Kvifor ville dei bli sjølveigarar?
  7. Kvifor voks husmannsordninga fram frå midten av 1600-talet?
  8. Kva var skilnaden på ein arbeidshusmann og ein bygselhusmann?
  9. Kva arbeidsoppgåver hadde futane og sorenskrivarane?
  10. Kvifor auka ikkje skattetrykket etter 1720?
  11. Korleis tok bøndene seg av dei fattige på 1700-talet?
  12. Kva rolle spela overhøyring og konfirmasjon for ungdommen?
  13. Kvifor kom rekning med i læreplanane for skolen på 1700-talet?
  14. Kva vil det seie at samane budde i sidaer?
  15. Kvifor vart det eit skilje mellom flyttsamane og dei samane som levde av fiske og jordbruk?
  16. Kven var Thomas von Westen?
  17. Kva var merkantilismen?
  18. Kvar hadde Danmark-Noreg koloniar?
  19. Kva gjekk heilstatspolitikken ut på?
  20. Kva var kjøpstadsprivilegia?
  21. Kvifor auka etterspurnaden etter norsk trelast frå ca. 1600?
  22. Kva for bergverk voks fram i første halvdelen av 1600-talet?
  23. Kvifor vart fiskarbøndene avhengige av bryggjekjøpmennene?
  24. Kva fekk navigasjonsakta å seie for norsk skipsfart?
  25. Forklar korleis maktbalansen i Norden vart retta opp att i 1720.