Barnemord i Etne i Sunnhordland i 1745

I 1745 ble tjenestejenta Marte Oddsdotter dømt til døden for å ha tatt livet av sitt nyfødte barn. Dette utdraget er hentet fra Ståle Dyrvik: Etnesoga. Band 2. Bygde- og gardssoge 1660–1800. Etne Kommune 1972.

Oppgave

  1. Hvorfor tok Marte livet av barnet sitt?
  2. Har Ståle Dyrvik gitt en objektiv framstilling av denne saken? Begrunn svaret.

Kilde

Frå Etnesoga

Marta Oddsdotter heitte ei ungjente som ikring 1745 kom for å ta teneste i Etne. Far hennar var ein husmann i Sauda, Odd Oddsson, og han var så fattig at han laut sende dottera frå seg endå ho berre var 15 år og ukonfirmert. I Etne fekk ho arbeid. Den første husbonden hennar let henne endå gå for presten, og ho vart konfirmert 20 år gamal.

Frå 1755–56 finn vi Marta Oddsdotter på Frette i teneste hjå Nils Rasmusson. På Frette var der samstundes ein ung lauskar og soldat som kalla seg Njell Njellson. Han fekk eit godt auga til Marta, og ei natt såg han seg høve til å vera åleine saman med henne på eit loft. Stutt etter flytte Njell frå garden. Marta hadde ikkje rekna med å sjå han meir då han i førstinga på mars 1758 brått dukka opp att på Frette i eit ærend for presten Hegelund. På nytt var dei saman. No vart Marta med barn.

Det varte ikkje lenge før gardsfolket fann ut kva tilstand ho var i, og snart kom det også for prestens øyra. Her var det skjedd eit legemål, og eit uekte barn var i vente! Presten førte Marta opp på den såkalla kunnskapslista si og sende melding til futen. Då futen kom til hausttinget den 17. november, vart Marta henta for forhøyrd med "møje og omsorg". Men Marta var berre stum, og dei fekk ikkje ut av henne kven barnefaren var.

Straks etter forhøyret på hausttinget var tida hennar komen. Den 29. november vart ho låk. Ho fekk barnet, tulla det inn i eit åklede og gøymde det i ei kiste. Då husbondfolket fekk aning om hva som var skjedd, var det for seint. Barnet i kista var dødt.

Det tok nesten to månader med brevskriving og uversbolkar av "indfaldende stormvinde" før ekstraretten var sett på Fitja den 20. januar 1759. Futen byrja med sin refsingstale og så vart Marta Oddsdotter førd fram for retten, "uden bånd eller fængsel, dog under behørig magt". Restene av barnet vart synt fram, og ho måtte stadfesta at det var hennar. Og ho tilsto alt, fattigdomen heime, dei første tenesteåra i Etne, omgjenget med Njell, fødselen, åkledet, kista, alt. Ei mengd vitne, deriblant ein ung kvikk kar som kalla seg Njell Njellson, kunne stadfesta alt ho fortalde.

I mellomtida var barneliket overgjeve til to herrar i futens selskap, dei velfornemme "chirurgi" Henrik Sench og Eberhard Christian Schilling. Dei utførte ein obduksjon og kunne melda attende til retten at barnet hadde levt etter fødselen. Ei overlag viktig kjensgjerning!

Dermed var saka klarlagd og domen kunne avseiast: "Denne delinqventinde [forbryterske] Marte Oddsdotter bør sig selv til en velfortient straf og andre lige ugudelige til exempel og afskye følgelig lovens 6. bog, 6. kapitel, 7. og 8. artikkel miste sit liv med sværd, hvorefter hovedet settes på een stage, ligesom og den øfrige deel af legemet skal – i allerunderdanigste følge forordningen af 9. augusti 1737 – ved nattmanden på rætterstedet nedgraves."

Så vart Marta Oddsdotter førd ut av bygda, like arm og einsam som ho var komen dit 15 år tidlegare.